
– Å vere ein tømrarlærling på jobb har hjelpt meg å forstå meir om det å vere ein Jesu læresvein
Gjennom eit jobbår i ei tømrarbedrift har Jakob fått kjenne korleis det er å vere ny og uerfaren – og kor mykje ein treng ein god læremeister.
For tida er eg midt i eit såkalla jobbår, mellom VGS og førstegongstenesta. Eg har alltid interessert meg for snekring, og har difor ordna meg jobb i ei tømrarbedrift dette året. Eg er altså ikkje “lærling” på papiret, men blir likevel litt som det i kvardagen; Eg har jo ingen ordentleg erfaring frå bransjen, og må lære alt for fyrste gong – nett som ein lærling.
Heldigvis har vi ein læremeister som vi kan søkje råd hjå
I Bibelen høyrer vi også om det å vere lærling, eller læresvein (bokmål: disippel). Når Jesus fortalde etterfølgjarane sine at dei skulle vere læresveinane hans, trur eg dei tenkte på det som å gå i lære i eit fag. Som fiskarar var det jo det dei hadde erfaring med. Det å vere ein tømrarlærling på jobb har hjelpt meg å forstå meir om det å vere ein Jesu læresvein. Her er tre punkt eg tar med meg frå dette:
Be om rettleiing
Eg må gong på gong gå til dei erfarne fagfolka og be om rettleiing. Når ein ikkje har gjort noko før, så veit ein jo ikkje kva for metode som gjev det rette resultatet. Difor må eg ofte gå til dei som har erfaringa og be om hjelp.
Dette blir også tilfelle i eit liv som Jesu læresvein. Eg møter stadig utfordringar der eg føler meg rådvill og forvirra. Heldigvis har vi ein læremeister som vi kan søkje råd hjå, i Bibelen og gjennom bøn. Og Han har mange stader lova å hjelpe og rettleie oss! (Matt 11:28-29, Heb 12:7, Sal 32:8, Ord 3:11, Rom 15:4 ++)
Vere audmjuk
Då må eg samstundes hugse å vere audmjuk i det at eg ikkje veit best. Dette synest eg kan vere vanskeleg. Både på arbeid og i kristenlivet.
Bibelen er full av historier om menneske som Gud har gjeve oppgåver og prøvingar
Eg har ofte lyst til å prøve å finne den rette løysinga sjølv, med ein gong. På jobb ender det ofte med at eg må gjere opp igjen arbeidet der eg har prøvd å gjere det på min måte, utan å først søkje råd hjå fagfolk.
Gud har ein plan og ein veg for livet mitt. Det er betre for meg å søkje Gud sin veg til å begynne med, i staden for å først prøve min eigen, og så måtte snu tilbake når det mislykkast.
Det store biletet
Ein tredje observasjon er at eg ikkje ser det store biletet i ein byggeprosess. Særleg på det første bygget eg var med på å reise, var det mange ting vi måtte gjere tidleg i byggeprosessen, som eg sjølv aldri hadde kome på å gjere då, men som viste seg heilt openbert naudsynt seinare.
Heldigvis hadde eg ein læremeister, med kunnskap og oversikt, som sørgde for at vi gjorde alt til rett tid og i rett rekkjefølgje.
Slik er det også i livet med Gud. Bibelen er full av historier om menneske som Gud har gjeve oppgåver og prøvingar, som verkar meiningslause der og då, men som seinare viser seg som kjempeviktige erfaringar i deira teneste! (Josef i fengsel, Elia i Krit-dalen og Sarepta, Paulus i Arabia – for å nemne nokre)
Det å konkret få erfare å ha ein tolmodig læremeister å gå til når eg har eit problem eg ikkje sjølv veit korleis løyse, har vist meg mykje om korleis det er å leve med Jesus som læremeister. Bibelen har mange slike døme frå dagleglivet, som skal hjelpe oss å lære og forstå korleis leve liva våre som kristne. Kva erfaringar har du frå din kvardag, som kan overførast til ditt kristenliv?